Bli med på

U-kveld

I haust blir det Ukveld i bedehuskjellaren ein gong i månaden. Alle som har byrja på ungdomsskulen er varmt velkommen!

På Ukveld kan du i haust bli meir kjent med Jesus gjennom trusopplæringa til Alpha-Norge som har lang erfaring med opplegg for ungdom.

Kiosk, leik og moro, eller berre henge rundt og snakke med andre.

På Ukveld er det lavterskel!

Vi er i gang med planlegging av jente- og guttegruppe igjen! Her blir ungdommen invitert med heim til god prat og mat! Følg med for meir info. Kom på Ukveld og meld interesse!

Bli med på

Tweens

Tweens er for dei som går i 5.-7.klasse, og er annakvar fredag 18-19.30 i bedehuskjellaren.

På Tweens ønsker vi leiarane å bli kjent med alle som kjem innom, og at alle som kjem skal oppleve å bli sett og inkludert!

I haust skal vi lære meir om Guds omsorg for oss menneske. Vi brukar trusopplæringa som heiter «Aldri alene». Her ser vi korte videosnutter, diskuterer og har kjekke aktiviteter.

Mat er viktig og samlande enten vi et is og brownies eller pizza. Vi har alltid noko å ete!

Vi er også veldig glad i å leike. Vinn på minuttet, Beat for Beat og Mesternes Mester er noko av alt det kjekke vi gjer. Konkurranseinstinktet er som regel høgt!

Det er mange vaksne innom i løpet av året, og vi gleder oss over alle som kjem! Hjerteleg velkommen på Tweens!